Vinterhav

Vinterhav

fredag 7. oktober 2011

Nokre sekund av livsdagen

Av og til må vi stoppe opp
i livet
bruke litt tid på 
å tenkje oss om

Sju månader i mitt 
liv
Ikkje så mykje
i forhold til over 50 år
Men....
Ein halv vår
ein heil sommar
ein halv haust



REDSELSMÅNADER

April med gode stunder
sorglause tankar

Mai med ei gryande uro
varierande  tankar

Juni med tydlege teikn
Bekymra tankar

Juli med prøver
tvilande tankar

August med uendeleg venting
og angstfulle tankar

September med vissheit
alvorlege tankar

Oktober med svara
jublande glade tankar


Frå bøljetopp
gjennom bølgjedal
til neste bøljetopp

Det er nett det som er livet
nokre gonger storm
andre gonger stilla

Erfaring og lærdom fyl oss gjennom livet

-jannetove- 11

torsdag 6. oktober 2011

Frå mørke dalar til høge fjell

I dag morgon då eg vakna
kjende eg på at
nervane låg på utsida av kroppen
Det var vanskeleg å vere morgonblid
det var vanskeleg å kome i gang
Turen til Hamar og legebesøk 
var uendeleg lang
og magen vrengte seg fleire gangar

Tankane kretsa om spredning, cellegift og det som verre er
Etter kvart som vi nærma oss 
vart eg stillare og stillare
og vel framme på sjukehuset
føltest det som om føtene 
ikkje kunne bære meg.

Kva ville dommen vere
ville det vere spredning
ville eg måtte opererast på nytt
ville eg måtte ta cellegift
Tankane var mange
og tankane var vonde

Så endeleg inn på kontoret
til legen som opererte meg for 3 veker sidan
Han smila lurt og kunne fortelle meg
at lymfene var heilt friske
eg skulle sleppe cellegift
men ein strålekur ville han 
nok anbefale sjølvom
han var trygg for at det ikkje var noko tull att i kroppen

Eg kjende kor gleda bobla
smilet kom tilbake
hendene slutta å skjelve 
og magen fall til ro

Dette går nok aldeles bra sa han
du har ingenting å frykte
du skal berre sjå framover
og glede deg over livet...

....sa han - den flinke og koselege svenske legen
som har hjelpt meg 
med å få bort "styggedomen"

Så no seier eg takk til legen
til sjukepleiarane
til kjæresten
til borna
til slekt og vener
Til alle som har tenkt på meg
til alle som har sendt meg gode tankar
til alle som har sendt meg blomar
og til dei rundt meg som har 
støtta meg no når eg trengde det så veldig

Så sender eg ei takk til høgare makter
for at kroppen sa i frå i tide
for at teikna eg fekk
vart oppdaga
tidsnok.

Så tek eg på meg lette sko
og ruslar vidare i livet
ei vond erfaring rikare
Ei erfaring eg ikkje unner nokon
men som har gjort meg
til eit tryggare og sterkare menneske

Så tek eg på meg lette sko
og vandrar vidare og ser lang lang
framover


Så håpar eg på at 
dagane framover
blir heilt vanlege
heilt kvardagslege 
og berre gode.

-jannetove

Ein engel til glede

Eg hadde ein draum i natt
denne kjære engelen 
datt i golvet
og eg gret av fortviling
no er den nok knust og borte
Men då eg tok den opp 
var den like heil
og gleda vende tilbake


Berre ein vanleg draum
men i dag kjenner eg at den gir meg styrke
eg kjenner at no når eg 
er så spent og engteleg 
for dommen 
eg skal få hos legen på Hamar
kan vere eit godt teikn

Eit fall i fortvilelse
behøv nemleg ikkje bety
undergangen

Så reiser eg til Hamar
med tru og håp
og prøver å leve i nuet
også denne dagen

Ingen har sagt at det er lett
men det er verdt eit forsøk

-jannetove-

onsdag 5. oktober 2011

Å oppdage i tide???

KULEN

Handa stryk varsomt
Forsiktige  rolege bevegelser
Leitar og søkjer på kjende stadar
Varm – frisk hud
Trygg på å finne linjene
Slik dei har vore  støtt
Leitar og søkjer
Finn roa og gleda
Ser at alt er kjent og uforandra
Så plutseleg
Skrekken og redsla
I det som er framandt
Der er han
Kulen i brystet

Jannetove-11

Bildet er lånt frå Rosa sløyfe

Oktober er Rosa - tek du utfordringa og støttar
denne aksjonen?

jannetove

søndag 2. oktober 2011

Bevisste valg


Det er godt å koma heim etter ei helg på tur
Denne helga har eg og kjærasten vore
i Hemsedal og sett på Fallskjermhopping frå helikopter
Stemninga var stor, veiret var heilt utruleg flott og 
vi har kosa oss med bilturar, gode samtalar på hoppfeltet
og ein kjekk kveld på oktoberfest.

Vi har tatt eit bevisst valg på å kose oss i helga
og det har vist seg å bli ein suksess.
Alle tankar rundt sjukdom 
la eg att heime og eg kjenner på at i helga har eg 
Gripe dagen og levd.


Vær bevisst!

Vær bevisst dine tanker
for de blir til ord.

Vær bevisst dine ord
for de blir til handlinger.

Vær bevisst dine handlinger
for de blir til dine vaner.

Vær bevisst dine vaner
for de blir til din karakter.

Vær bevisst din karakter
for den blir din skjebne.

Vær bevisst!
"buddah"

Ein av bilturane gjekk til Mørkedalen
på vegen over Hemsedal
Her hadde familien til kjærasten 
hytte før i tida og han har mange 
gode minner frå staden
Å vandre slik på "gamle stiar" 
er alltid sjelebot
og når haustsola varmar landskapet slik 
som på laurdag - blir det ekstra godt

Mørkedalen 1.10.11 

Eit av høgdepunkta var då to fallskjermhopparar 
gjorde dette stuntet.
Her ser vi ein person på line høgt over bakken
samtidig som fallskjermhopparen 
swooper under lina i det han går inn for landing.
Nesten som å vere på sirkus.....


No når eg er vel heime og merkar at
influensaen har invadert kroppen min
lyt eg mobilisere nye gode tankar
No blir det teppe, sofakos og varm te
....ei influensa går over
.....så no skal eg berre slappe av 
til eg føler meg bedre.

Ha ein fin søndagskveld og ei flott veke

-jannetove-

torsdag 29. september 2011

Profeten

Dei fleste av oss opplever
at dagane i livet av og til er av det vanskelege slaget
Vi møter sorg og motgang
og motbakkane kan kjennest som sjølvaste Mt.Everest.....
Slike dagar er det ikkje så lett å Gripe dagen 
- sjølvom ein eigentleg
har bestemt seg for å gjere nettopp det.

For eit par vintrar sidan 
var eg ute på ei slik ferd
-bakkane var tunge
-lufta var tynn
og eg var dårleg kledd

Då var det at eg fekk ei kjærkomen gåve -
Lisbeth kom til meg med
boka "Profeten" av Kahlil Gibran
-hans tankar om korleis vi bør leve
traff ein streng lengst inne
i hjerterota mi
-og eg la ikkje frå meg boka
før eg hadde lest alle orda mellom permane


I boka som fyrste gang kom ut
i 1923, oversatt til over 20 språk og solgt i millionar
av eksemplar verda over - 
skriv han blandt anna om Glede og Sorg


Eg tillet meg å sitere nokre få linjer til ettertanke

Sitat:
Når du er glad til sinns, se da dypt inn i ditt hjerte,
og du vil finne at bare det som ga deg sorg, kan gi deg glede.

Når du er bedrøvet, skal du atter se inn i ditt hjerte, 
og du vil finne at du i sannhet gråter over det som har vert din glede.

Noen av dere sier, "Glede er større enn sorg", og andre sier,
"Nei, sorgen er størst"
Men jeg sier dere, de er uadskillelige.
Sammen kommer de, og når den ene sitter alene til bords med deg, 
så husk at den andre sover i din seng.
Sitat slutt.

For meg betyr desse strofene uendeleg mykje
-dei får meg til å sjå samenhengen mellom gleda og sorgen
og på den måten blir det lettare å Gripe dagen akkurat no.

Ei varm helsing frå solfylte Hadeland 
på ein dag som eg kjenner er god

Klem jannetove

tirsdag 27. september 2011

Godord har så stor betydning

Dagen i dag er god
fekk sjekka operasjons-såret i går og det gror fint
Damene som har vaska ned huset vårt
er ferdig med jobben
Sola skin ute
og hausten er vakker

Eg har så mykje å glede meg over

Kvar morgon tek eg ei bloggrunde
medan den første kaffien blir fortært
Der opplever eg så utruleg mykje 
fint
Folk rundt om både i Norge og Danmark
har så mykje flott og fint å dele
For ikkje å snakke om alle
godorda dei legg att hos meg.

Når livet buttar litt i mot 
og ein må roe ned på grunn av sjukdom
er det så uendleg flott å få 
med nokre godord på vegen.

Kjenner veldig på at eg vil takke alle
de som finst her inne
alle de som les og likar
alle de som les og kommenterer
for gode ord og helsingar.


Berre eg veit kor uendeleg mykje 
det betyr for meg....
....og det tenkjer eg at også de må få vite om.

Takk for alle godord de har gitt meg

jannetove