Vinterhav

Vinterhav

fredag 11. desember 2009

JULEØNSKE


No i denne julestria merkar vi for alvor presset om å eige, om å ha og om å få store dyre gåver. Handelstanden kjemper ein hard kamp om pengane våre og opningstidene i sentera og butikkane blir berre lenger og lenger. Vi sukkar og strevar med å finne på noko til dei som har alt frå før, i tillegg til at vi er opptatt av at det vi kjøper skal vere noko som vedkomande verkeleg ynskjer seg. Det er jo så trist om vi gjev frå oss noko som folk har frå før eller som dei ikkje likar eller vil ha. I tillegg må vi passe på slik at vi kjøper for same summen til dei som er i same ”rang”. Ja på den måten kan det fort bli til at vi må kjøpe ei ekstra gave til nokon sidan den første gava vi kjøpte var billigare enn den som den andre skal få.

Så er det alt stresset framfør jula, alt som skal bakast, vaskast, strykast og pyntast. Det verkar som om det går ein ”husmorkonkuranse” over heile Norge i desember – ja endatil tidleg i november enkelte stadar. Som om ikkje dette er nok så er også årstida reint i mot oss. Det er mørkt når vi står opp og det er mørkt når vi endeleg får satt på middagen. Dagane er tunge og mørke og mange av oss må ty til alskens vitaminer og naturmedisin for å i det heile tatt fungere. Er vi så heldige at vi får snø slik at verden blir litt lysare så kan vi vere sikker på at kakelinna reiser med den og det er like mørkt ute.

Eg har fått spørsmålet om kva eg ønsker meg til jul – fleire år på rad – ja antageleg kvart år så langt tilbake eg kan huske. Eg syns det er like vanskeleg kvart år – eg har jo det eg treng, og om eg ikkje har det så går eg å kjøper det. Derfor har eg hatt for vane å sei: Snille onga! Kvar gang eg seier dette så sukkar mine barn og seier at det sa du jo i fjor også – slutt å tull no. Men dersom eg tenkjer meg godt om så trur eg faktisk eg med handa på hjerte kan sei at eg tullar ikkje.

Mitt ønske for jula i år er antageleg den største gåva eg nokon gong har ønska meg – den er så stor at den ikkje kan kjøpast for alle dei pengar som finst i verda.

Mitt ønske er at alle dei som eg er glad i skal få lov å vere friske og ha helsa. Eg ønsker at alle dei eg er glad i skal kunne ete seg mette kvar dag, ha ein jobb å gå til og finne fred med seg sjølv. Så ønsker eg at alle dei som er ramma av alvorleg sjukdom skal få styrke til å bere denne og leve med den. Samtidig som at alle dei som har familie eller vener som er sjuke må få styrke til å bere den byrda dette er. Så tenkjer eg at det ville vere fint om alle som har mista nokon dei er glad i kan finne fred og forsoning i sorga si, og kunne kome seg vidare i livet på ein god måte.

Eit umåteleg stort ønske fra denne kanten i år og eg veit at eg ikkje kan få både i pose og sekk. Akkurat på same måten som eg veit at ingen har garanti for stille rolege dagar. Vi må kanskje oppleve ein del motstand for at vi skal kunne sette pris på dei enkle tinga i livet. Men det er lov å ønske og håpe - og i mellomtida må vi prøve å leve så godt vi kan kvar dag og ta vare på kvarandre medan vi har kvarandre.

----og til sist – jul blir det nok i år også, med både gåver, kaker, pynt og vasking



ERFARING OG LÆRDOM

Det blåser en rolig stille vind

Det kjennes så godt å ha fred i sinn

Solen skinner og himlen er blå

Det er fredfullt og godt gjennom livet å gå


Det blåser en stormfull og fryktelig vind

Det er så vondt i mitt opprørte sinn

Skyene truer så tunge og grå

Her jeg står og ser at du mot døden må gå


Så løyer den stormen som rørte meg så

Jeg bøyer min nakke, fortsetter å gå

Livet har ennå mye å by

Storm og stille vil komme på ny


Minnene fra før vil jeg ta med

Å håpe at jeg morgendagen får se

I stormen da jeg hadde det stritt

Lærte jeg og ikke ta livet for gitt.

4 kommentarer:

  1. kor e de diktet frå?

    SvarSlett
  2. Nok eit strålande innlegg, Janne Tove :-)

    SvarSlett
  3. Takk Camilla
    Kor e diktet i frå??? Hehe du min lille sjønne datter, det har eg skrive sjøl...hadde vel eit lyst øyeblikk

    SvarSlett
  4. Sooo einige ned deg,Janne T!!
    Dei største ønska me he,kan ikkje kjøpast for pengar..!!
    God førjulstid:-)

    Klem Kristin!

    SvarSlett