Vinterhav

Vinterhav

fredag 16. april 2010

En fin fredag

Av alle dager i veka er det fredagen eg likar best. Sidan dagane mine no er forholdsvis rolege og eg ikkje går i fast arbeid, skulle ein tru at alle dagar var like. Men det er dei ikkje - fredagen er og blir den dagen som er best. I dag vakna eg tidleg til ein knall blå himmel og med den kom gleda og humøret sigande innover meg. Eg er verkeleg heldig som kan nyte ein slik fin dag i fred og ro.

Det første eg gjorde var å rydde litt i heimen og sette på ei vaskemaskin - det var så greit å fare over med støvfilla sidan kjærasten hadde vaska alle golva i går medan eg var på strikke-kafè med kjekke damer frå Hadeland. Når kjærasten kom innom i pausa si delte vi ein lang og god frokost - det er den beste stunda på dagen.

Så var det tid for å henge opp kleda ute i frisk luft (eg ser ikkje så mykje aske her så det går vel bra) - dei tørkar på rekordtid no når sola skin og det er ein fin bris i lufta. Badet har endeleg fått ein skikkeleg omgang med "Cillit Bang" og dei blå flisene på golvet skin nyvaska og blanke i kapp med sola.

Å vaske hus er ikkje det beste for min muskelvonde kropp - men eg tåler litt smerte og verk når eg kan nyte ein varm dusj i reine omgjevnader. Og så veit eg at eg kan bruke resten av dagen til det eg vil.

Eg trur eg skal kose meg ei lita stund i godstolen med strikketøyet - Ambulansesokkane som Sondre skal få. Sidan kan eg kanskje begynne på ei av dei nye bøkene eg kjøpte meg i går eller ta meg ein liten spasertur å for å sjå om eg kan finne nokre nyutkome Blåveis i vegkanten.

Så når det lid ut på ettermiddagen kjem gokaren heim og vi kan kose oss med ein god middag og kanskje eit kakestykke i kvelds-sola. Og kven veit - kanskje eg får meg litt raudt i glaset til gullrekka på tv`n i kveld.

Framføre oss har vi ei lang helg, der vi kan glede oss over kvarandre, våren, gode venners lag og forhåpentlegvis ein fin tur ut i naturen ein eller annan stad på vakre Hadeland.

God helg til alle og klem frå Janne Tove

9 kommentarer:

  1. Råkule lestar!!

    Ha ei fin helg ☺

    SvarSlett
  2. Lestane er til Sondre som er ambulanselærling - plundrar litt med hælen - men trur det skal gå betre på neste lesten:-)

    SvarSlett
  3. Koseleg skrive,Janne Tove:)
    God helg til deg også!

    Klem Kristin Bj.

    SvarSlett
  4. Jöjjemeg, såg ikke at eg har fått feil datum på bildene. Det er kun du som sagt fra hihi. Trur ikke det er så stor tidsforskjel mellom Hedmark og Möre nei hihi....

    Håper at allt er under kontroll med deg. Her er det bra. Det kom snö i dag tidligt men nå regner det igen. All snö er borte nå så det er litt trist om det skulle komme mere.

    Nå skal eg in og endre på datoen på bildene mine, takk för du sa ifra, hihi.
    Storklem fra meg.

    SvarSlett
  5. Sån da har eg fått ordna datoen.
    Tusen takk for at du sa fra.
    Klems.

    SvarSlett
  6. Nei eg var ikke det. Skjönner ikke hvor eg fikk den 24 fra en gang....
    Tankene var ikke helt med hihi.
    Klems igen.

    SvarSlett
  7. Heldige du!! Her er det 20 cm snø igjen...å ej som la om til sommardekk...
    Kos deg sola, det gjer underverker!!! :-)

    SvarSlett
  8. Håper du hadde ei god helg! Fin blogg du har :). Takk for kommentar på bloggen min.

    SvarSlett