Vinterhav

Vinterhav

lørdag 21. mai 2011

Knekkebrød og ferjereise


17.mai 2011 er historie og historisk - det var nemleg den fyrste nasjonaldagen
eg feira her på Hadeland og såleis litt spesiell for meg.
Morgonen var ganske fin og vi starta dagen med 
ei runde for å lese russeplakatar. Her er det tradisjon for at russen set opp 
plakatar på forretningane rundt om og mange skuelystne var å sjå i Gran og 
Brandbu i gryotta. 
Etterpå var det heim og skvise seg i bundaden og sjå på det lokale
barnetoget som går forbi rett ned i vegen her. 

barnetoget på Jaren - 11

Vi tok plass under tak på verandaen og såg toget passere - og jammen 
kom det fineveir sigande frå nord. Toget starta i høljregn og gjekk inn til 
forsamlingshuset Marienlyst i strålande sol.

Mr. Haugsbakken i finstasen 17.mai - 11

Dagen etter hadde eg eit par ærend i Ørsta og sette meg i bilen og rulla mot Sunnmøre.
Sondre hadde bestillt knekkebrødhjelp - så då var det berre å sette han i gang.


Røre godt i deigen og fordele den på to plater
- stryke godt utover så dei blir tynne og fine - 


- at resultatet blir litt brendt fyrste gangen 
gjer ingen ting - smakar enno betre då.


Eg er oppvaksen med ferjer same kva retning vi skulle reise
og i dag fekk eg tatt Randsfjordferja for første gang.
Ikkje lange ferjeturen og ikkje store ferja -


- men likefullt ei ferjereise - to bilar var med over frå Horn til Tangen idag.
Turen vår gjekk vidare til Fagernes på kaffibesøk og for å kikke på 
motorsyklar.


No er det snart søndag og då kan det vel kanskje passe med eit bilde av 
Søsterkyrkjene på Granvang - forøvrig ein fin plass å rusle på 17.mai.


Ynskjer alle ein flott mai-søndag

jannetove

2 kommentarer:

  1. Det hørtes ut som ei koseleg feiring! :) Har fått med meg at det verkeleg er på moten å laga heimelaga knekkebrød! Lyt vel prøva ein gong eg også, men nett no er det heilt ok med wasa-variantane... Jamfør gårsdagens knekkebrøddikt;)

    SvarSlett
  2. Det lyder og ser ud til at have været en hyggelig dag. Jeg har med stor interesse læst om jeres 17. maj fejring rundt omkring på bloggene. Det er utrolig flot. Sådan gør vi ikke i Danmark.

    Ha' en fin søndag. Klem.

    SvarSlett