Vinterhav

Vinterhav

søndag 15. mai 2011

Naturperler, vårblomar og glede

Ute ved havet i Lindås ligg ein stad som i mine auge må vere nærast paradis på jord. Eg var så heldig å få vere der i eit og eit halvt døgn i høve konfirmasjonen til tantejenta mi - ei fantastisk ramme rundt ein viktig milepæl i Elise sitt liv.
Etter å ha reist heile vegen frå Hadeland åleine i bil - var det godt å kome fram til denne fine staden som ber navnet Lygra Gjestegård Her skulle vi bo og her skulle sjølve konfirmasjonsfesten stå - og her kunne vi kose oss i godt lag heile helga.

Kveldssol på gamle hus Lygra -11

Temperaturen var fin - nesten sommarleg og kvelden var lun og god med god mat og godt i glaset - og etterkvart viste moder jord seg frå si beste side. Det var mest så ein ikkje kunne tore å finne senga - enn om alt dette vakre var borte neste morgon...

Blomstereng med Lyngheisenteret i bakgrunnen - 11

Men neste morgon kom med same gode veiret og morgonsola glitra så vakkert at ingen kunne klare å sove bort den vakre dagen. Ingen sure miner og ein god og lang frukost ilag med slekt og vener vart ein fin start på dagen. Konfirmasjonen stod i Åsane Nye Kirke og etter ei fin ykt der - vart det nydleg servering mellom gamalt tømmer - og konfirmanten skein i kapp med sola.


Lygra i morgonsol - 11

Men alle dagar har ein ende og snart var sola på hell igjenn over dette flate lynghei landskapet.

Etter at bundaden var snøra av og eit stakkars menneskje kunne puste fritt igjenn, fekk eg og systa ein fin spasertur over heiane i solnedgangen. Her ute var verda stille, lun og vakker - ein einsleg motorbåt høyrdes så vidt i det han tøffa forbi der vi gjekk og fylde batteria våre i kveldssola.

Gamal grind ved Lyngheisenteret - 11

Så langt ute på heiane var det smått med tre og enno var dei få som var der rimeleg nakne etter vinteren.

Einsamt tre i kveldsol - 11

Så - langt om lenge gjekk sola ned i vest og kalla oss til kvile - vi hadde føre oss ein lang dag med køyring heim - kvar til sitt dagen etter.

Livet er fullt av tilfelle - eg hadde nok aldri komt på Lygra om det ikkje var for at ein resturang inne i sentrum var blitt stengd og den einaste naudløysinga låg langt ute på heiane ein stad.....

Solnedgang Lygra - 11

Vel heime att var det snart tid for å plante ut i kasser og krukker til 17.mai. Bjørn Erik har hatt for vane å plante ut raude geranium og blå lobelia - og det er ikkje reint få blomar som går med for å få det som det skal. 7 verandakasser, 6 verandakrukker og 3 andre storkrukker rundt om krev bra med blomar og arbeidslyst.

Men vakkert blir det - raudt og blått rundt heile fasaden på huset.....


Haugsbakken - 11
....sirleg plassert med to raude og tre blå.....

Haugsbakken - 11

.... i kasser og krukker - store og små...manglar berre litt norske flagg no så er vi ferdig pynta til den store dagen.

Haugsbakken - 11
 
Innomhus står det også ein fin bukett på stas - blomehelsinga som kom frå Veteranenes Fallskjermklubb i høve at Bjørn Erik har vore innom sjukehus nokre dagar for å rette opp litt hjerteinfarkt tull.....




Men alt gjekk godt - kjærasten er vel heime igjenn - han er i bra form og legane meiner at han blir god som ny berre han får nokre veker på seg - og det er jammen meg bra......slik at vi framleis kan leike oss vidare på livsvegen.


Songen
Kvar vart songen av…
Songen frå barndomen…
Songen eg lærde av mor…
Songen som fylde sinnet mitt med glede…
Songen i hule dusjrom…
Songen som letta arbeidet…
Songen som  lulla borna i søvn…
Songen som tok bort sorg og angst…
Songen som fylgde meg kvar dag…
Lenge var den borte – eg sakna den sårt
Med deg kom den tilbake og fylde meg opp
No syng vi saman – du og eg.

jannetove - 11


liljekonvall i hagen -11


jannetove

5 kommentarer:

  1. Skjönner godt at du koste deg der. Både med familien og naturen. De passer liksom godt sammen på en måte.
    Flotte bilder fra ett heilt nydeligt landskap. Så med dine ord til blev det en aha lesing.

    Flotte blommor på verandan hos dere. Her må eg ut og ta tag i plantinga og. Men akkurat nå sitt eg inne. det höljregner ned her. Men i morgon blir det ferdigt.

    Önsker deg ei flott söndag der du er.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett
  2. Så godt du fekk fin oppleving i Konfirmasjon!
    Og godt at kjærasten snart er god att.

    Dokke pyntar veldig fint!

    God 17.mai i heimen :-)

    SvarSlett
  3. Dejlige billeder. Og du har ret. Livet er fuld af tilfældigheder ... og dog. Nogle gange er det næsten for tilfældigt, fordi disse tilsyneladende begivenheder og møder rummer noget, som passer perfekt. Som skulle være. Fordi.

    Ha' en fin mandag :)

    SvarSlett
  4. Så fint dikt!! Og bileta og orda dine elles er så gode å lesa:) Kjekt de har kost deko! God betring til kjærasten:)

    SvarSlett
  5. Heia. Du har vunne kort på bloggen min. Kik berre innom meg du:)Fiiin kveld til deg!

    SvarSlett